Tenester
Skriving
Eg leverer slikt som dette:
-
Bøker. Fleire av bøkene eg har skrive, har kome etter initiativ frå forlag eller andre, til dømes: Ein Edens hage og Trebåt! Reiseskildring frå ein landkrabbe på Samlaget, og Oppdrag danning på Fagbokforlaget. Eg er alltid klar for nye bokprosjekt.
-
Faglege artiklar. Døme kan vera alt frå folkelege tekstar i årboka Hardanger, til meir akademiske artiklar som The Power Museum. Local development programmes, the process and the territorial impact i boka Patrimonio de la industrialización. Geografías, geometrías y empleos.
-
Offentlege rapportar. Det er ei gjevande oppgåve å gjennomføra ein planprosess eller eit utgreiingsarbeid, og laga eit resultat med lesverdig språk. Eg meiner ein skal leggja vekt på god formidling også i slike tekstar, for det er eit godt demokratisk prinsipp at innbyggarane skal skjøna dei offentlege dokumenta som vedkjem dei.
-
Raske korrekturtenester. Eg er ekspeditt med raudeblyanten, og har erfaring med slikt i både bokarbeid og ferdigstillinga av andre tekstar. Siste større bokprosjekt eg handterte slik var Gaffelriggen - Seiling og håndtering, og eg driv jamt med det som redaktør i årboka Hardanger.
-
Underfundigheiter. Humor og alvor går hand i hand, noko bokprosjektet mitt Galgenhumor vil utforska. Det gjer seg òg gjeldande i kronikkar eg har skrive i avisa Hordaland. I katalogen til viseduoen Markhus&Lid er tekstmaterialet både sorgmuntert og burlesk, og eg skriv gjerne også for andre.
Oftast brukar eg nynorsk, men det går like godt på bokmål - og også engelsk, både skriftleg og munnleg.
Historie
Historie er ein fellesnemnar i det eg driv med. Eg tek på meg skrivearbeid, men held også foredrag eller kåseri. I alt fagleg arbeid er gjer, er eg oppteken av:
-
Eit klart og godt språk. I historiefaget er det ein sterk tradisjon for å føra eit språk som treff breitt, og fangar mange. Dette legg eg vekt på å oppnå i alle prosjekt.
-
Forteljarglede. Norsklæraren min på ungdomsskulen bemerka at eg skreiv stilar med ei synleg forteljarglede. Og eg har prøvd å halda fram med dette, også når eg skriv fagstoff, faktisk til og med i kommunale sakspapir og fylkeskommunale planar.
-
Presisjon. Om ein skal treffa blink, må ein vera nøyaktig. Dette gjeld i historiefaget, og andre samanhengar. Eg har erfaring med at suksess ofte kjem etter prosessar som er gjennomførte med stor presisjon.
-
Nulltoleranse for slendrian. I historiefaget kan det gå dramatisk ille om ein tek uheldige snarvegar og tillet slendrian og slark. Eg har det som gyllen regel å motarbeida slikt i alle faglege samanhengar.
-
Kjeldebruk. Dette er innprenta gjennom historikarutdanninga, og mange års røynsle frå ulikt fagleg arbeid. Det å ha orden på kjeldene blir viktigare og viktigare etterkvart som den digitale utviklinga rullar vidare.
Rådgiving
Fagkompetanse, leiarerfaring og ei lyttande og open innstilling - det er verktøy eg har med meg når eg skal gje tydelege råd og trygg rettleiing. Særleg på desse områda kan eg gå inn og hjelpa til, eller ta styring:
-
Utviklingsprosjekt på kulturfeltet. Dette er noko av det eg er mest dreven med. Eg var sentral i oppbygginga av Kunsthuset Kabuso, gjennomførte store utviklingsprosjekt som direktør for Kraftmuseet - og har også leia mange mindre prosjekt, i ulike samanhengar. Eg kan ta på meg forskjellige oppgåver, som å vera prosjektleiar, eller meir forsiktig tilknytt konsulent.
-
Offentleg planlegging. Ved tre høve har Hordaland/Vestland fylkeskommune henta meg inn for å vera med å leia planprosessar, og føra pennen: Musea i samfunnet (2011-15), PREMISS: KULTUR (2015-25) og Kultur bygger samfunn (2023-35). Som kultursjef i Kvam herad var eg inne i planarbeid i kommunal sektor. Slikt gjer at eg har mykje erfaring og kunnskap å ta med inn i nye planprosessar.
-
Museum. Eg har vore leiar for fleire museum, og også hatt andre roller innan mellom anna formidling og prosjektgjennomføring. Autorisasjonen som konservator NMF stadfestar at eg har ei god vitskapleg utrusting for museumsarbeid. Med den breie erfaringa eg har frå museumsfeltet, kan eg yta rådgivingstenester innan ei rekkje sentrale museumsdisiplinar.
-
Kulturminne og kulturmiljø. Eg kan ta på meg arbeid med kulturminneplanar og utgreiingar innan det store kulturmiljøfeltet, alt basert på mykje erfaring med slike prosessar. Eg har jobba tett saman med Riksantikvaren, og var med i Hordaland fylkeskommune si prosjektgruppe for "Kulturminneplanar i kommunane".
-
-
Publikasjonar. Eg har redaksjonserfaring frå både aviser og tidsskrift, ikkje minst som mangeårig redaktør for årboka Hardanger. Det er ei kjent og kjær rolle å leia skapinga av ein publikasjon, eller vera ein rådgivar undervegs.
-
Verdiskaping og berekraft. Som kulturleiar ligg det i rolla å jobba med verdiskaping, og eg har i aukande grad kopla dette med FN sine berekraftsmål. Då Norsk ICOM skulle laga ny versjon av dei museumsetiske retningslinjene, var eg med i ekspertgruppa for berekraft.